søndag 5. september 2010

ARGUMENTERING!

Her kjem eit lite innlegg om argumentasjon, (dette er nyttig å kunne).

 Grunnen til at eg har skrive tittelen min med store bokstaver og utropsteikn i dag, er fordi det er så viktig. Det er viktig i mange samansetninger, men eg skal skrive om argumentasjon i samansetning med artiklar og fagtekster. Det finns to typar argumentasjon, den som er basert på fakta og den som ikkje er.

 Altså direkte- og indirekte argumentasjon.
-Direkte argumentasjon er basert på fakta, disse vert skrivne i vitskapsmagasiner eller bøker. Disse påstandane kan ein etterprøve. 
- Indirekte argumentasjon spiller på kjensler, ordval og språket har veldi mykje å sei. Det er ofte vanskeleg å vite at dette påverkar meininga vår, fordi forfattaren får (forhåpentlegvis) folk på sin side. For å oppnå dette kan han; få ting til å høyras galt ut og få meniskar til føle seg skyldige. Denne type artikkel må ein skrive til ein bestemt målgruppe, slik at flest mulig er einige med det forfattaren meiner. Dette vert ofte gjort i avisartikler.

Konklusjon: Indirekte argumentasjon er ikkje bra viss ein ikkje er klar over det. Derfor kan det være lurt å tenke over det første gang ein les artikkelen.